• Vær hvor og når det skjer og delta i debattene - følg Tipsbladet.no på:
Følg med - følg Tipsbladet.no på:
Lavere engelsk Kjetil Myklebust

Korleis står det til nede i League One?

Korleis står det til nede i League One?
Foto: Bildbyrån

Med dei største ligaene på pause, kan man ta ein liten kikk på korleis det står til i League One.

Av KMyklebust

Også i League One er det stort sett fri for dei fleste denne helga. Men kva er eigentlig status for denne ligaen, der fleire og fleire storlag streva med å komme seg tilbake i det gode selskap? 

Ipswich Town: 

Det var store forventningar til Ipswich etter to heller skuffande sesongar i League One. Paul Cook som manager med nye eigarar førte til massetilførsel av nye spelarar i sommar. Ein heil 11er inn, deriblant store navn som Scott Fraser og Joe Pigott gjorde til at Ipswich av mange blei sett på som opprykksfavoritt. Har fått ein forferdeleg start på sesongen i så måte, med berre to sigre på dei første ti kampane. Har rota det til for seg sjølv i mange kampar, og det har etterkvart blitt tydelig at det nye mannskapet har trengt tid. Botnen blei nådd i heimekampen mot Bolton der dei til slutt tapte 2-5. Slo til med 6-0 siger forrige heimekamp, men i det man trudde det var løsna så var det tilbake på tapsrekka med 1-2 mot Accrington Stanley veka etterpå. Ipswich er nok eit bevis på kor vanskelig det kan være å komme seg ut av denne divisjonen. 

Sunderland: 

Laget som gikk fra Premier League til League One på to år, har aldri heilt klart å komme seg etter skuffelsen og Netflix-dramaet. Vi har blitt regelrett sjokkert over mykje av det vi fikk sjå i dokumentaren, men no er det håp om betring. Ny eigar og ein litt meir jordnær tilnærming skal være bidragsytande til opprykk no. Har dei siste to åra blitt tippa i toppen, men har svikta i play-off i to av tre år. Trimma stallen sin kraftig før årets sesong, men manager Lee Johnson har likevel gjort noko rett, for dei ser meir stabile ut i år. Aiden McGeady er fortsatt i klubben og har vært ein viktig figur i sesongstarten. Ligg på delt førsteplass etter 11 kampar, men gikk sist på eit stygt 0-4 tap borte mot Portsmouth i regnværet der. Sunderland-fansen kryssa nok alt dei har av fingre for at laget kan gå direkte opp. Blir det playoff kjem nok mareritta fort tilbake. 

Wigan:

Laget som regelrett blei kasta ut av Championship trengte ein sesong på å finne seg sjølv igjen. Mista eit heilt lag og overlevde så vidt fjoråret. Har i sommar rusta seg opp for ein kamp i toppen, med store signeringa fra dei andre toppklubbane som Sunderland og Portsmouth. Også her er det nye eigarar som har gitt håp om suksess. Med spelarar som Charlie Wykes og ein Will Keane som verkeleg har funne formen, toppar dei tabellen saman med Sunderland etter 11 kampar. Står berre med to tap, der det første kom i kamp mot nettopp Sunderland. For nordmannen Thelo Aasgaard har det derimot gått litt tyngre for i år. Han blei etterkvart ein viktig figur for Wigan i fjor, men har i år slitt med speletid og seinare skader. Wigan-manager Leam Richardson har uttalt at han har veldig tru på nordmannen, og at han vil bidra meir utover sesongen. Mulig ny nordmann i Championship neste sesong? 

Sheffield Wednesday

Enda eit lag som måtte ta turen ned fra Championship grunna poengstraff. Har beholdt ein del av stammen fra Championship og særlig viktig var det nok at kaptein Barry Bannan blei med ned. Manager Darren Moore tok jo over i fjor, men klarte ikkje å redde klubben. Starta sesongen som eit lag med store planer om å komme seg ut raskast mogleg, men har etterkvart fått det tyngre og tyngre. Berre vunne en av dei siste seks kampane sine og ligger på ein beskjeden 12.plass. Men med ein kamp til gode på fleire av laga framfor seg så er det ikkje mange poenga opp til direkte opprykk. Fansen møter trofast opp enn så lenge. 22 000 på forrige heimekamp midt i ein dårlig formkurve er imponerande. 

Bolton

Bolton var i fritt fall og endte til slutt opp i League Two. Fjoråret blei derimot ein gedigen opptur og endte i opprykk. Har starta livet i League One særs underholdande. Festfotball der måla tidivs renn inn på begge sider. Starta sesongen med to ganger 3-3 i elleville kampar mot Milton Keynes og Wimbledon. Har plutselig slått til med 1-4 borte mot Charlton og 2-5 borte mot Ipswich. Ian Ewatt har bygd eit kult lag, og eit lag som kan blande seg inn i kampen om opprykk. Ein finfin sjuandeplass er uansett veldig godkjent start. 

Charlton: 

Charlton mista kanskje Lee Bowyer til Birmingham midt i sesongen i fjor, men dei fikk ein ny kul eigar i dansken Thomas Sandgaard. Opprykk var målet i år etter å ha missa playoff heilt på tampen forrige sesong. Gjorde nokre gode signeringer og det var forventa at dei skulle kjempe blant topp ti, minst. Etter 11 kampar ligger Nigel Adkins sine menn på nedrykksplass. Bortsett fra det stygge 1-4 tapet heime mot Bolton har Charlton kun spelt jamne kampar. Det er derfor ikkje umulig at poengfangsten tar seg opp, men opprykk sesongen 21/22 kan dei nok sjå langt etter. Det blir minst ein sesong til i League One. 

Portsmouth

Klubben har hatt ein lang periode nede i divisjonane no, men etter botnen var nådd i League Two har den fan-baserte klubben gradvis bygd seg opp igjen. Har i fleire år vore nær opprykk til Championship, men nåløyet i playoff er trangt. Forrige sesong mista dei playoff i siste serierunde, og noko liknande kan fort skje i den rekordjevne sesongen vi er inne i no også. Etter en god sesongstart fikk dei ei rekke på sju kampar uten siger før dei knuste til med 4-0 over Sunderland forrige helg. Har eit mannskap som skal kunne kjempe i toppen men fram til no har det vært det offensive det har skorta på. Det var først i forrige runde at det løsna litt og særleg for John Marquis. Danny Cowley og hans bror ligg no på 11.plass med sju poeng opp til direkte opprykk. 

Wycombe og Rotherham

Begge desse er ikkje blant dei store navna i ligaen, sjølv om dei kjem fra ein sesong i Championship som endte i nedrykk. Eigentleg litt rart for det Rotherham presterte spelemessig burde holdt til ny sesong der. Wycombe sin siste halvdel av sesongen skulle også holdt til fornya kontrakt, men dei røyk på aller minste margin. Er to lag som med sine trofaste managere i Paul Warne og Gareth Ainsworth er rekna å være i toppen i år også. Har lagt seg på 20 poeng og fjerde og femteplass, sjølv om Wycombe med siger i sin hengekamp kan ta tabelltopp. Sam Vokes som har tatt steget ned i League One kan fort skyte Wycombe opp igjen. Outsidere er dei uansett begge desse laga. 

Oxford United og Plymouth 

To lag som er mindre, men som har over tid bygd gode fundament. Det er tydeleg at begge desse laga på sikt ønsker å bite seg fast i Championship. Oxford har vært nære i fleire år, men har på merksnodig vis klart å rote det til når vegen har vært åpen for det. I fjor var det en begredelig sesongstart som ødela for Karl Robinson og Oxford, sjølv om dei til slutt kom seg til playoff. Der blei det tap nett som foregående år. Har fått ein langt betre sesongstart i år og ligger fint plassert på åttende plass med fire poeng opp til tabelltoppen. Plymouth hadde en tyngre sesong i fjor som endte på 18-plass. Har i år starta veldig sterkt og ligger på tredjeplass etter 11 kampar, mykje takka Ryan Hardie som har skåra åtte av 17 mål i sesongstarten.  

Milton Keynes, Burton og Accrington med skumle planer?

MK brukte fjoråret på å sette ein veldig spennande spelestil under Russel Martin. Like før sesongstart var Martin reist vidare til Swansea. MK har derimot beholdt samme stilen og den har gitt veldig god poengfangst. Har henta inn nokre spelarar som heva standaren på dette nivået betraktelig, deriblant Matthew O`Riley som kom fra Fulham. Som Bolton er det eit lag som skårar mykje og slepp inn mykje mål. Sjølv om dei gikk på eit overraskande tap mot bunnlaget Doncaster sist, har dei plassert seg på sjetteplass. Kan ødelegge for nokre av storlaga denne sesongen. Burton hadde på si side stø kurs mot nedrykk i fjor, men så kom Jimmy Floyd Hasselbaink tilbake til klubben. Han hadde nok ein gang umiddelbar suksess og til slutt var ikkje klubben i nærheten av å rykke ned. Har i år tatt steget oppover på tabellen og ligg no på ein niendeplass og med kort veg opp til playoff. Med formkurva fra i fjor inntakt kan det fort bli ein overraskelse blant topp seks. Det same kan man nok ikkje sei om Accrington Stanley, men den lille klubben har uansett starta sesongen bra. Ligger a-poeng med Burton og har los på Playoff. Sigeren mot Ipswich sist viste at det er eit lag som kan hevde seg om alt går vegen. Mest sannsynlig blir det midten av tabellen til slutt, men akkurat no er det nok håp om noko meir på Crown Ground. 

Resten av røkla 

Wimbledon var tippa i botnen i år også, men ein tidvis herlig sesongstart har gitt dei ei plassering høgt oppe på tabellen. Eit par tap på rappen sendte dei litt lengre ned, men har vist at livet uten Joe Pigott ikkje er så aller verst. Har igjen fått opp spelartypa som imponere og i år er det spesielt Jack Rudoni som har imponert. Om Wimbledon beheld plassen i år, vil eg tippe at det neste år blir kjemping i toppen på nye Plough Lane. Dei tre nyopprykka laga Morecambe, Cambridge og Cheltenham har lagt seg rundt 13-17 plass på tabellen. Dette var tre lag mange hadde tippa å gå rett ned igjen. Wes Hoolahan og Cambridge gjer livet tøft for dei fleste, og har plukka jevnt og trutt med poeng. Cheltenham har glimta til med siger over både Ipswich, Charlton og Oxford, men vi ser kanskje tendens til at det vil bli litt tyngre etterkvart. Morecambe ligg høgst av desse tre laga og hadde nok sin livs dag (bortsett fra når opprykket blei klart i mai) i 1-0 sigeren heime mot Sheffield Wednesday. Då var Globe Arena på kokepunket. 

Lincoln hadde man venta meir av i år, men dei har lagt seg på ein skuffande 16.plass til no. Michael Appleton forsterka den allerede solide troppen før sesongen, men i år har det gått mykje tyngre og det kan bli vanskeleg med ein ny sesong blant topp seks. Ufyselige Steve Evans sitt Gillingham sliter også i botnen og er saman med Simon Grayson sitt Fleetwood så vidt over nedrykksstreken. Fleetwood har henta store navn som Tom Clarke, Anthony Pilkington, James Husband og spissen Joe Garner, utan at det har resultert i noko særlig. Saman med tidligare nevnte Charlton finn vi Crewe, Shrewsbury og Doncaster i botnen. Crewe har vært eit heislag mellom League One og League Two og det er derfor ikkje noko overraskelse at det av og til tar slutt i denne divisjonen. Men har fem uavgjorte og det er ikkje umulig at dei jevne kampane snart kan ende med siger, som dei berre har ein av til no. Shrewsbury skåra nesten ikkje mål, og då blir det lite poeng sjølv om dei aller fleste kampane er jevne. Doncaster som mista manageren sin til Sheffield Wednesday midt i forrige sesong har fått det tungt. Richie Wellens har ikkje klart å gjenskape den fantastiske sesongstarten fra i fjor og Doncaster innehar dermed sisteplass. Såg veldig fortapt ut fram til sist serierunde, men slo då til med veldig sterk siger over MK. Er det håp?

I ein liga der mange storklubba underprestere og mange mindre overprestere, er det ikkje rart at kampen om opprykk og nedrykk er jevn. Pengane har hagla denne sommaren og for mange er det krise om det ikkje blir opprykk. Ingen kan føle seg trygge i League One. 

I helga går det uansett fire kampar av stabelen: 

Sheffield Wednesday-Bolton, Plymouth Argyle-Burton, Wycombe-Gillingham og Ipswich-Shrewsbury. 

Ipswich må ha tre i poeng i denne botnkampen, om dei skal slutte å kalle seg eit botnlag. Wycombe er i form og nesten uslåelige på heimebane. Då blir det tungt for Gillingham som har 1-3-2 på bortebane. Plymouth-Burton kan bli ein spennande og artig duell. Plymouth med 3-3-0 heime og Burton med 1-2-2 borte. Sheffield Wednesday må opp og fram og det er noko Bolton elska. Dei har hatt stor suksess med å møte litt hardt pressa mannskap på bortebane. Har kontra lag i senk og det kan dei fort klare på Hillsborough og.