• Vær hvor og når det skjer og delta i debattene - følg Tipsbladet.no på:
Følg med - følg Tipsbladet.no på:
Lavere engelsk Kjetil Myklebust

Spabyen som tar Football League med storm

Spabyen som tar Football League med storm
Foto: Bildbyrån

I 12 år har Simon Weaver og lille Harrogate Town gjort drøm til verkelegheit

Av KMyklebust

Ikkje mange hadde høyrt om Harrogate Town før dei sesongen 2019/20 sjokkerte ved å rykke opp til League Two og det berømte ligasystemet i England. Ikkje mange har høyrt særleg mykje om dei etter heller.
Spa-byen i nordre del av Yorkshire har sjeldan blitt nemnt i same andedrag som fotball, men i 2009 kom ringreven Simon Weaver til klubben. Spelaren med fleire klubbar i liga-systemet bak seg har blitt eit synonym med suksessen klubben no opplever. Samtidig som Simon Weaver blei manager i klubben kom hans far Irwing Weaver inn som leder for klubben. Dei første åra var ein kamp mot nedrykk frå sjette nivå i England, og etter ein lang rekke med dårlige resultat sesongen 2016/17 bestemte familien Weaver at klubben no skulle bli profesjonelle på fulltid.

Før sesongen 2017/2018 forlet ein rekke spelarar klubben og inn kom det spelarar på fulltidskontrakt.
Første sesong med fulltidsspelarar blei ein opptur. Simon Weaver og laget hans kom seg til playoff som endte med opprykk fra National League North til National League. I deira første sesong i National League endte det igjen med playoff, men denne gangen blei det tap.

I 2019/20-sesongen låg Harrogate Town lenge godt an, men sesongen blei etterkvart stoppa av Covid-19. Klubbane blei einige om at ligatabellen skulle avgjerast ved hjelp av omrekning av poeng  etter korleis den allereie gjennomførte delen av sesongen hadde gått. Der endte Harrogate på andreplass og ny runde med playoff. Semifinalen endte med 1-0 siger over Boreham Wood og dermed var det duka for finale på sjølvaste Wembley for den lille klubben. Midt i ein korona-pandemi og utan fans på Wembley, sjokkerte Harrogate Town heile England ved å slå mektige Notts County 3-1. Berre tre år etter at klubben var blitt profesjonelle på fulltid var Harrogate klar for The Football League for første gang i si 107 år lange historie. 

Med to opprykk på tre år blei det klart at deira stadion trengte oppgradering. Klubben som dei siste åra hadde spelt på kunstgras måtte no skifte tilbake til gras. Dermed fikk ikkje Harrogate spele sin aller første kamp i EFL på heimebana si, men istaden på Doncaster si heimebane. Den 100 år gamle bana, Wetherby Road,  med kapasitet på 3800 fikk derimot sin første kamp i ligasystemet den 17 oktober 2020 i 1-0 sigeren over Barrow, då utan publikum.

Det var ikkje mange som hadde forventa at Harrogate skulle klare seg i League Two, men allereie i første serierunde forstod man at dette kunne gå for Weaver og co. Southend blei knust 4-0 på bortebane, og berre få dagar seinare blei store Bradford slått på bortebane. Sjølv om det etterkvart blei tyngre for spa-laget endte dei tilslutt på ein råsterk 17.plass, med heile 12 poeng ned til nedrykksplass. I det som skulle vere ein festsesong for klubben, byen og fansen gjorde korona-pandemien sitt til at det aldri blei den storslåtte feiringa av verken opprykk eller den historiske sesongen i League Two. Bortsett frå to kampar i desember var tribunane tomme gjennom sesongen, og det var ikkje mange som fikk lov å komme dei to kampane publikum var tillat heller.

Sesongen 2021/22 har på mange måtar blitt den festen klubben fortjente. Fulle tribune er igjen lov, og endeleg får fansen lov til å ta del i det historiske som skjer i klubben. Man kunne kanskje forvente at den berømte andresesongen skulle by på problem, men den har istaden for starta på magisk vis. Harrogate Town ligg etter 11 kampar på andreplass på tabellen. Simon Weaver og laget hans er, saman med Fulham, laget som har skåra flest mål i EFL til no. I går var Wethery Road fylt med 3180 fans, noko som er det meste dei har hatt dei siste 40 åra. Der fikk fansen sjå Harrogate smadre Scunthorpe heile 6-1. Den lille klubben drøymer no om League One, og med Simon Weaver og far Irwing i hovudrollene, kven veit?

Simon Weaver under gårsdagens kamp

Og når vi først nevner Simon Weaver. Han er i dag den lengstsittande manageren i engelsk fotball. Han har i dag vert manager for Harrogate Town i 12 år, fire månader og 19 dagar. Til samanlikning er Sean Dyche den lengssittande i Premier League med sine åtte år. Det er berre å ta av seg hatten for Simon Weaver og hans sjarmerande klubb, Harrogate Town.